top of page

ÅPNE MENY

Kjærleik, romantikk og assistanse

I dag er det valentinsdagen – kjærleikens eigen dag. Det er eit godt høve til å sette romantikk med assistanse under lupa. Kor intimt og hyggeleg kan det bli? Det varierer vel frå par til par, men vi har funne vår metode.



Kjærleiken treng ikkje assistanse, men for oss er det nødvendig for å legge til rette for romantikk og ein likestilt parrelasjon. Etter å ha vore saman i over fem år, og eitt år med sambuarskap, har vi funne ei form som passar oss godt. Det handlar om å gi assistentane opplæring i kva rolle dei skal ha rundt oss. Ida er heldig som har assistentar med fin personlegdom. Men dei er der nesten alltid. For at vi skal få vere eit par med privatliv, er det difor viktig at dei kan trekke seg tilbake og la samtalen i rommet vere mellom oss.

 

Samtidig er assistentane heilt nødvendig for at vi skal kunne fungere som par. Kristofer er glad i å lage mat, og nokon må ta oppvasken. Det hadde blitt for mykje for Kristofer, må han innrømme. Dimed sikrar vi ei arbeidsdeling som er rettferdig. Når begge to får bidra til hushaldet, er vi likestilte i relasjonen. Det er ein viktig føresetnad for eit lukkeleg samliv, meiner vi.

 

Ida er ein kontrollfrik, der Ordnung muß sein er mantraet. Ho liker å ha det ryddig rundt seg, medan Kristofer er ei kaotisk kunstnarsjel som ikkje blir plaga av ting flyt litt. Det er fint at Ida kan be assistentane om å assistere henne med å rydde, i staden for å måtte irritere seg over rotehovudet frå Sunnmøre.

 

I dag er det kjærleikens dag. Vi feirar med roser, middag og kanskje noko attåt. Ida dekker på bordet fordi ho har assistanse til det. Kristofer står ved grytene og eksperimenterer gjerne til han finn opp ein ny rett som kan sette stemninga og pirre sansane. Eller så blir det den gode tradisjonelle brennande kjærleiken, med ekstra bacon. Og kven veit, kanskje blir det rom for dessert? Poenget er at vi lever livet vårt slik vi ønsker, og dyrkar romantikken vår slik vi ønsker – og det er assistentane som gjer det mogleg.

 

Ida Hauge Dignes

Kristofer Olai Ravn Stavseng

留言


bottom of page